BYGGE PIPE OG ELDSTAD

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge bygging av pipe og korleis du bør planlegge bygge/montering av eldstad.

Søknadspliktig eller ikkje?

Pipe

Oppføring av pipe krev søknad til kommunen. Søknaden må bli utarbeidd og sendt til kommunen av ein fagperson.

 

Eldstad

Du treng ikkje søke om å sette inn ny peis eller omn, men du må sende melding til feiar/brannvesenet når ny eldstad er montert. Melding kan gjerast her: 

Melde frå digitalt om ny/endring på eldstad 

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

      Må søke kommunen om byggeløyve      

Kan bygge utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.