Her vil du få ei rettleiing til korleis du bør planlegge riving av hytte eller anneks.
Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om riveprosjektet er:
-
Søknadspliktig eller ikkje, her under om du kan :
- Søke sjølv, eller
- leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg.
-
i konflikt med gjeldande reglar på din eigedom
Søknadspliktig eller ikkje?
Vi har utarbeidd to dokument som det er lurt at du lagrar på di private datamaskin, og som du aktivt brukar i det vidare arbeidet.
Det eine dokumentet illustrerer krava i tabellen under. Det andre dokumentet kan du notere i undervegs i planlegginga.
Generelle illustrasjonar (PDF, 314 kB)
HJELPEDOKUMENT_RIVE_HYTTE_ANNEKS (DOCX, 26 kB)
Hytte
Rive hytte er alltid søknadspliktig, og du må ha ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg.
Du som eigar av eigedomen og den som vil rive eit tiltak er tiltakshavar.
Du må engasjere og inngå avtale med fagfolk som kan utarbeide byggesøknaden for deg.
Prosjektering og utføring må du også overlate til fagfolk.
Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.
Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål
Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.
Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan
Omsynssoner
Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.
Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.
Aktuelle omsynssoner ved riving er:
Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.
SEFRAK / bevaringsverdig
Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.
Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi gards- og bruksnummer og kva det gjeld.
På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:
Må søke kommunen om løyve til riving
Kan rive utan å søke kommune om løyve
Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.
Publisert 14.09.2021 09.13