RIVE GJERDE OG LEVEGG

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge riving av gjerde eller levegg. 

Gjerde, er ein lett, gjennomsiktig/open konstruksjon (for eksempel planke, stakitt- eller flettverks-, smijernsgjerde e.l.) 

Levegg er ein tett skjerm som begrensar innsyn og gir ly for vind. Kan vere frittståande eller bygd inntil ei bygning. 

Støyskjerm er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy. Kan vere frittståande eller bygd inntil ei bygning. 

Søknadspliktig eller ikkje?

I tabellen under ser du om riving/fjerning er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv.  

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve.  

Gjerde 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

Høgde 

Mindre enn 1,5 m. 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Lett, open og gjennomsiktig konstruksjon 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

Levegg 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

Høgde 

Mindre enn 1,8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Lengde 

Mindre enn 10,0 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Avstand til eigedomsgrense 

meir enn 1,0 m når lengda på leveggen er mellom 5,0 m - 10,0 m 

i eigedomsgrense når lengda på leveggen er mindre enn 5,0 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

Støyskjerm
Riving av støyskjerm krev søknad til kommunen. Søknaden må bli utarbeidd og sendt til kommunen av ein fagperson.  

 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

   

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.