ENDRE GJERDE OG LEVEGG

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge endring av gjerde eller levegg.

Gjerde, er ein lett, gjennomsiktig/open konstruksjon (for eksempel planke, stakitt- eller flettverks-, smijernsgjerde e.l.) 

Levegg er ein tett skjerm som begrensar innsyn og gir ly for vind. Kan vere frittståande eller bygd inntil ei bygning. 

Støyskjerm er ein tett skjerm som begrensar innsyn og støy. Kan vere frittståande eller bygd inntil ei bygning. 

Ver ekstra oppmerksam på at planbestemmelsane kan stille strengare krav. 

Søknadspliktig eller ikkje?

I tabellen under ser du om endringa er søknadspliktig eller ikkje, og om du kan søke sjølv.  

Kolonne 2: alle krav i denne kolonnen må vere innfridd for å sleppe å søke kommunen om byggeløyve.  

Gjerde 

Ikkje søknadspliktig dersom

 

Høgde 

Endring av gjerde der maksimal høgde på gjerde etter endringa ikkje er meir enn 1,5 m. 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Lett, open og gjennomsiktig konstruksjon 

Ja 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Frisiktsone 

Ikkje plassert i frisiktsone 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

 

Levegg 

Ikkje søknadspliktig dersom: 

 

Høgde 

Mindre enn 1,8 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Lengde 

Mindre enn 10,0 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Frisiktsone 

Kan ikkje plasserast i frisiktsone til veg.  Ver ekstra oppmerksam på at planbestemmelsane kan stille strengare krav. 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

Avstand til eigedomsgrense 

meir enn 1,0 m når lengda på leveggen er mellom 5,0 m - 10,0 m 

i eigedomsgrense når lengda på leveggen er mindre enn 5,0 m 

Tiltaket er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg dersom kravet ikkje blir innfridd 

 

 

Støyskjerm

Endring av støyskjerm krev søknad til kommunen. Søknaden må bli utarbeidd og sendt til kommunen av ein fagperson.  

Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Regulert føremål

Det første du må sjå på er om grunnen du skal gjere endringa på er regulert til formålet.  

Formålet til eigedomen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet.  Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.   

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grøn farge viser friområde. 

Regulering til bustader   
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.   
  
Ikkje regulert til bustader   
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel gjerast endringar dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig. 
Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.    

NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.   

    

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.   

Byggegrense

I reguleringsplanen ser du om eigedommen du skal bygge på har byggegrense.    

llustrasjonen viser byggegrense.  

Der byggegrense er teikna inn:   
Er det byggegrense på eigedommen er det eit krav om at heile tiltaket blir plassert innanfor den oppgitte byggegrensa. Det er ikkje tilstrekkeleg at deler av tiltaket er innanfor byggegrensa.   

Byggegrense er IKKJE teikna inn:   
Dersom eigedommen ikkje har byggegrense, noter det, gå vidare og sjekk dei neste krava.   

  
Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med byggegrense må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med byggegrensa. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.    

Avstand frå sjø og vassdrag

Det er eit krav om at tiltak ikkje kan plasserast nærare sjø og vassdrag enn 100 meter jf. plan – og bygningslova § 1-8.     

Sjekk i reguleringsplanen for din eigedom, eller i kommuneplanen, om det er byggegrense på eigedommen.     

Byggegrense er teikna inn:   
Er det byggegrense på eigedommen, og heile tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå sjø og vassdrag teke i vare.     

Byggegrense er IKKJE teikna inn: 
Dersom eigedommen ikkje har byggegrense er det kravet om 100 meter avstand frå sjø og vassdrag som gjeld. Mål frå tiltaket sitt næraste punkt mot sjøen og ut til kystkonturlinja. Den blå stipla linja langs sjøkanten i illustrasjonen under er kystkonturlinja.  

  

Illustrasjonen viser byggegrense mot sjø og vassdrag (svart stipla linje), og kystkonturlinja (blå stipla linje)  

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med avstandskravet må du søke kommunen om dispensasjon.   
Skriv ned at du kjem i konflikt med avstandskravet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis du søker dispensasjon vil du få seinare.    

Veg

Det er fleire krav kring veg som må bli overhalde når ein skal gjere endring på eit tiltak.   

Avstand frå offentleg veg  
Det er ulike krav om avstand frå offentleg veg. Sjekk først i reguleringsplanen om det er byggegrense på eigedomen.    

 

Illustrasjonen viser byggegrense mot veg.       

Byggegrense er teikna inn:  
Er det byggegrense på eigedomen, og hele tiltaket blir plassert innanfor byggegrensa, er kravet om avstand frå offentleg veg ivareteke.   

 
Byggegrense er IKKJE teikna inn:  
Er det ikkje byggegrense på eigedomen gjeld krav om avstand til offentleg veg som er vist i tabellen under.  

Avstanden skal målast frå tiltaket sitt ytterpunkt og til vegens midtlinje.  

 

Veg 

Avstand  

Gang- og sykkelveg 

Min. 15 meter 

Kommunal veg 

Min. 15 meter 

Fylkesveg 

Min. 50 meter 

Riksveg 

Min. 50 meter 

 

Tilkomst  
Det er krav om at eksisterande vegtilkomst til eigedomen blir nytta. Vegtilkomsten må elles vere i samsvar med det som står i reguleringsplanen.  

 
Utkøyring i veg 
Det er krav om at all manøvrering inn- og ut av garasje og parkeringsplass skal skje slik at ein unngår rygging eller vending på offentleg veg.  
Plasserer du garasje/parkeringsplass innanfor byggegrense på eigedomen der dette finnast, er krav til utkøyring i veg normalt sett ivareteke.  

 
Frisiktsoner 
Det er krav om fri sikt til veg, gang- og sykkelveg. Desse krava er med på å trygge sikkerheita til syklistar, gåande eller andre som ferdast i trafikken. Sjå i reguleringsplanen om det er teikna inn siktlinjer. Desse definerer  frisiktsoner for utkøyrselen på eigedommen. Det er ikkje lov å plassere tiltaket i frisiktsona for avkøyrselen. 

 

Illustrasjonen viser siktlinjer.  

Dersom det ikkje er gitt siktlinjer i reguleringsplanen er det normene til Statens vegvesen som skal følgast. Sjå utdrag under:     

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot gang- og sykkelveg 
Dersom inn- og utkøyrselen kryssar ein gang- og sykkelveg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 3 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 30 meter begge vegar langs gang- og sykkelvegen. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Sjå alternativ 1 i illustrasjonen under.  

Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i alternativ 2 i illustrasjonen under.  

 

Illustrasjon: Statens vegvesen NB! Frisiktsona bør utvidast dersom gang- og sykkelvegen hellar, og syklistane held høg fart forbi inn- og utkøyrselen. 

STATENS VEGVESEN - Frisiktsone mot veg 
Dersom inn- og utkøyrselen munnar ut i ein veg, vil kravet til frisiktsone vere som vist i illustrasjonen under. Står du 4 meter inn i utkøyrselen, skal du ha fri sikt 20 meter begge vegar langs vegen viss fartsgrensa er 30 km/t. Frisiktsona vil auke med økt fartsgrense, sjå illustrasjonen under. Det er ikkje tillate med hekk eller gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Alternativt kan hekk og gjerde høgare enn 0,5 meter over gateplan plasserast som vist i illustrasjonen under. 

  

Illustrasjon: Statens vegvesen    

Dispensasjon 
Det blir ikkje gitt dispensasjon frå krav om siktlinje.  

Dersom eigedomen din er regulert eller har byggegrense mot veg i reguleringsplan eller kommuneplan er det kommunen som behandlar søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Kommunen sender saka på høyring til Statens vegvesen og Fylkeskommune dersom det er riksveg eller fylkesveg. 

Dersom eigedomen din ikkje er regulert og/eller ikkje har byggegrense mot veg er det den som er vegeigar som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg.  

  • Grensar eigedomen din til kommunal veg er det kommunen som skal behandle søknad om dispensasjon frå avstand til veg. Søknad og vedlegg kan sendast på e-post til post@giske.kommune.no 

Avstand frå kommunale vatn- og avløpsleidningar

Det er krav om at avstanden frå tiltaket sin ytre del til kommunale vatn – og avløpsleidningar ikkje skal vere under 4 meter.  
Kravet om avstand er for å sikre enkel tilkomst til kommunale vatn – og avløpsleidningar i dei tilfelle vedlikehald eller reparasjonar er naudsynt.  

NB! Det kan ligge både kommunale- og private vatn- og avløpsleidningar i grunnen som ikkje er markert på kartet. Det er viktig å vere på vakt når du grev.  

Uttale frå kommunen 
Dersom du ønsker å bygge i strid med avstandskravet må du:    

1. 

Kontakte fagperson (ansvarleg prosjekterande) for å få prosjektert ei løysing med teikningar og argumentasjon som tydeleg viser at enkel tilkomst til dei kommunale vatn – og avløpsleidningane vert oppretthaldt. Løysinga må også vise at det ikkje vil føre til unødvendige skader, sjølv om kravet på 4 m ikkje blir innfridd.    

2. 

Fagperson (ansvarleg prosjekterande) sender dokumentasjonen til postmottak i kommunen. Dette må gjerast før det eventuelt blir sendt inn ein formell byggesøknad.  

 

Opplys om namn, kontaktinformasjon, gards- og bruksnummer, og at det gjeld uttale om kommunale vatn- og avløpsleidningar. 

3. 

 Saksbehandlar ved kontor for vatn – og avløp i kommunen handsamar saka. Gjennomsnittleg handsamingstid er 2 veker. 

4. 

Dersom kommunen ikkje godkjenner løysinga må du endre byggeplanane dine slik at avstandskravet vert innfridd.  

 

Dersom kommunen godkjenner løysinga må dokumentasjonen du får frå kontor for vatn – og avløp leggast ved når byggesøknaden formelt vert sendt til kommunen.  

Omsynssoner

Sjekk om det er teikna inn ei eller fleire omsynssoner på eigedomen du skal bygge på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i kommuneplanen.   
Ta kontakt med kommunen for å få rådføring om den vidare prosessen dersom eigedommen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å opplyse om gards- og bruksnummer og kva det gjeld.   

Illustrasjonen viser døme på omsynssoner i kommuneplanen.     

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

Må søke kommunen om dispensasjon og byggeløyve

         Ønsker å søke kommunen om dispensasjon         

                Må søke kommunen om byggeløyve                

         Kan bygge utan å søke kommune om løyve            

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.