Foreldrebetaling i skulefritidsordningane 2026

Giske kommunestyre gjer vedtak om betalingssatsar for tilbod i SFO. Satsane blir årleg justerte i kommunestyret.

Kroner per månad – betaling i tida 16.08. 2026 – 15.06.2027
Opphaldstid10 månads tilbod10 månads tilbod11 månads tilbod11 månads tilbod
4. trinn1.-3. trinn4. trinn1.-3. trinn
5 dagar heil plass4 3262 1634 7592 379
4 dagar heil plass3 7001 5374 0701 691
3 dagar heil plass2 7666033 043663
Berre ettermiddag (5 dagar)3 5681 4053 9251 546
Berre morgon (5 dagar)1 1801 1801 2981 298
Kjøp av dagar386386386386
Kjøp av feriedag701701701701
Kjøp av timar92929292


Vedtektene finn du nettsida til kommune. 

Ordningane i alle fire SFO-ordningane er dagleg frå kl. 07.30 til kl. 16:30.

Elevar i 1. – 3. klasse har rett på 12 timar gratis SFO per veke. 
Elevar i 5 – 7. klasse har rett på å gratis SFO. 
4- og 3 dagar heil plass har faste fridagar per veke. Dette gjeld heile året. 

Opningstid i ferien
Det er høve til å melde seg på 10 eller 11 månader i skuleåret
For dei som har tilbod om 12 timar gratis per veke blir desse timane lagt til måndagar og tysdagar i ferieveker. I ferievekene kan SFO-tilbodet bli samla på ein av barneskulane i kommunen, truleg på Valderøy barneskule
Dei som berre har ettermiddagstilbod kan i ferievekene gjere om dette til opphald tre dagar. Dei som berre har morgontilbod kan i ferievekene gjere om dette til opphald ein dag. Dei som har deltidstilbod får kjøpe ekstra dagar på feriedagar og inneklemte dagar. Dette etter avtale med SFO-leiar.

Betaling for tilbodet
10 månaders tilbod
Opphaldstida følgjer skuleruta, det vil seie at det er tilbod dei dagane det er undervisning. Satsen er utrekna ut frå tilbod i 190 dagar i eit skuleår. Det blir kravd betaling for halve august og halve juni. Dei andre månadane skal det betalast full betaling, og det er lik betaling for alle månadane.
11 månaders tilbod
Tilbodet startar den måndagen som er nærmast 1. august. Det vil seie at i 2025 startar SFO-tilbodet opp att etter ferien den 04.08. I 2026 er startdato 3. august. Ordninga er feriestengt i fire veker før start. Tilbodet er 221 dagar. Det skal betalast 10 % ekstra i høve til betaling for 10-månderstilbodet. Det blir kravd betaling for halve august og halve juni. Dei andre månadane skal det betalast full betaling, og det er lik betaling for alle månadane. Opphaldstida 221 dagar.

Søskenmoderasjon er på 25 % for barn nummer to eller fleire.

Søknad om redusert foreldrebetaling
Etter søknad kan det gjerast vedtak om redusert foreldrebetaling. Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden.