Opplæringslova, 2024: § 2-4
Kommunen kan la eit barn byrje på skulen det året barnet fyller sju år. Lovverket opnar for at skulestart kan utsetjast med eitt år dersom det ligg føre ei sakkunnig vurdering som tilrår dette, og foreldra samtykkjer. Dette forutset at foreldra søkjer om utsatt skulestart og PPT har gjort ei sakkunnig vurdering som tilrår utsatt skulestart. Eit av vurderingskriteria ved søknad om utsett skulestart er om ei slik utsetjing vil kunne føre til at barnet ikkje får behov for individuell tilrettelagt opplæring når barnet startar på skulen. Dette inneber ei fagleg vurdering om at ekstra år i barnehagen vil styrkje barnet si utvikling slik at det kan møte skulekvardagen med betre føresetnader for å delta i ordinær undervisning.
Dersom det er aktuelt å utsetje skulestarten ytterlegare, må eleven fritakast frå opplæringsplikta i samsvar med Opplæringslova § 2-2. Dette krev ei ny sakkunnig vurdering, og at omsynet til eleven tilseier fritak. Foreldra må samtykkje, og vedtaket skal gjerast av kommunen.
Sist endra 29.10.2025 13.34