Tilvising PPT

Kva gjer du dersom du er uroleg for barnet ditt?

For barn som har tilbod i barnehage eller skule; Det første steget er å drøfte utfordringa med barnehagen eller skulen. Ein kan vidare be om at uroa blir drøfta i tverrfagleg inkluderingsteam. 

For barn som ikkje har tilbod i barnehage eller skule, kan PPT kontaktas direkte.

 

Kva er inkluderingsteam?

Inkluderingsteam er eit tverrfagleg forum, der ulike instansar i kommunen  (barnevern, psykisk helseteam, pedagogisk psykologisk teneste, helsestasjonen osv.) etter behov drøftar problemstillingar som kan oppstå rundt læringsmiljøet til barn og unge. Føremålet er å utforme tiltak primært på systemnivå som kan bidra til å lette på utfordringane som har oppstått.

Foreldre og skular/barnehagar kan melde inn sak til drøfting, og foreldre er også velkomne til å delta.

Føremålet er å ta tak i utfordringar på eit tidleg stadium – dette for å hindre at utfordringar får utvikle seg.

Alle som deltar i inkluderingsteam er underlagt taushetsplikt.

Før PPT tek imot ei tilvising, skal saka ha vore drøfta i inkluderingsteam, med påfølgande utprøving av tiltak, samt evalueringar av desse. Denne rutinen gjelder ikkje for barn med store sammansatte utfordringar som alltid vil ha behov for utstrakt støtte og hjelp frå vaksne. 
 

Tilvising til PPT

PPT Giske tek imot tilvising for systemarbeid i heile grupper / klassar frå rektor i skulen eller styrar i barnehagen.

PPT Giske tek i mot tilvising for sakkunnig vurdering når dei tiltaka som er prøvd ut over tid, ikkje har tilstrekkeleg effekt, og ein ser at barnet ikkje har forsvarleg, likeverdig og tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet i barnehagen/skulen. Tilvisning gjerast i samråd med skule/ barnehage og foreldre

Tilvisingsskjema barnehagar - Compilo

Tilvisingsskjema skule - Compilo

Pedagogisk rapport PPT - Compilo