Røysting heimafrå - ambulerande røystemottakarar
Har du vanskar med å kome til vallokalet? Då kan vi kome heim til deg å ta imot røysteseddel der.
copilot
Har du på grunn av helseutfordringar vanskar med å kome deg til vallokala? Då vil vi avtale eit tidspunkt ein valmedarbeidar kjem heim til deg, så får du røysta heimafrå.
Send ein e-post til post@giske.kommune.no eller ring til valansvarleg Birgitte Fjørtoft på tlf. 938 20 226 (i tidspunktet 0900 -1530).
Frist for å nytte seg av ambulerande røysting er torsdag 4. september kl. 1200, jf. Vallova § 7-2.
Har du likevel eit ønske om å røyste i vallokala vil det vere mogleg med assistanse på valdagen 8. september.
copilot
Sist endra 20.08.2025 09.34