Giske kommune treng fleire valmedarbeidarar

Kunne du tenke deg å jobbe som valmedarbeidar i Giske kommune 13.september? Då ynskjer vi at du melder deg!

 

Måndag 13.september er det Stortings- og sametingsval. Vi treng medarbeidarar som kan hjelpe til med avvikling av valet i dei ulike krinsane Valderøy, Giske, Godøy/Alnes og Vigra.

Opningstidene på valdagen er kl. 0900-2100 og du må pårekne å sette av heile dagen. I tillegg vil det bli satt opp tid for obligatorisk opplæring.
Som valmedarbeidar skal ein legge til rette for eit trygt og godt val for innbyggarane. Dette inneber å vere vert for røystegjevarane, handtere kø, vise røystaren til valavlukka, ta imot og registrere stemmer, telle stemmer, halde orden i stemmelokalet m.m. Det vil i år vere eit særskilt fokus på smittevernomsyn.

Vi ønskjer at du er over 18 år og snakkar godt norsk. Du kan ikkje stå på liste for eit parti til stortingsvalet.
Både opplæring og arbeidet på valdagen vil bli godtgjort etter Giske Valstyre sine gjeldande satsar.

Interesserte kan ta kontakt med valansvarleg i Giske kommune Ingvild Nautvik på tlf 415 02 349 eller epost ingvild.nautvik@giske.kommune.no

Artikkelliste