Giske kommune er no i gang med å revidere kommuneplanen sin arealdel. Arealdelen er eitt av dei viktigaste styringsverktøya kommunen har for å leggje til rette for ei heilskapleg og langsiktig utvikling av kommunen.
Kommuneplanen sin arealdel viser korleis areala i Giske kommune kan og skal brukast i åra framover. Planen avgjer mellom anna kvar det kan byggjast bustader, næring og offentlege bygg, og kva område som skal takast vare på til landbruk, natur, friluftsliv og kulturmiljø. Planen viser også kva område som ikkje skal byggjast ut.
Arealdelen består av plankart, føresegner og retningsliner. Desse gir føringar for vidare planlegging, og for handsaming av reguleringsplanar og byggjesaker.
Kommuneplanen sin arealdel er, saman med samfunnsdelen, den overordna kommuneplanen for Giske kommune. Arbeidet med arealdelen skal sikre ei berekraftig utvikling, og leggje til rette for gode lokalsamfunn – både i dag og for framtidige generasjonar
2. juni 2025 vedtok Formannskapet i Giske kommune metode for grovsiling av arealinnspel
Kommuneplanen sin arealdel- Metode og kriterium for grovsiling av arealinnspel (sak 051/25)
15. februar 2024 vedtok Giske kommunestyre planprogrammet for arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.
Planprogram fastsett av Giske kommunestyre den 15.02.2024 - sak 009_24 (PDF, 2 MB)