Nye digitale fakturaer

Bilde av fem giroar på eit bord. - Klikk for stort bilete

Frå 20. august 2019 har Giske kommune digitalisert utsending av utgåande faktura til kundar.

Den nye løysinga inneber at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, Vippsfaktura, via digital postkasse (digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Viss eit av desse vala ikkje er mogleg blir faktura levert som papirfaktura i postkassa di.

Har du allereie ein avtalegiro eller efaktura-avtale med Giske kommune, vil du fortsatt motta faktura som avtalegiro eller efaktura. Har du ikkje slik avtale, men er registrert med mobiltelefonnummer og nytter vipps faktura vil fakturaen bli sendt til Vipps.

Har du ikkje avtalegiro-, efakturaavtale eller vipps avtale, blir faktura sendt til Digipost eller eBoks. Er det ikkje mulig å sende faktura digitalt vil fakturaen bli send som brevpost.

 

Brevgiro

Dei nye fakturaene kan ikkje brukast for betaling via brevgiro

Betaler du via brevgiro, må du bruke ein tom bankgiroblankett, fylle ut naudsynt informasjon som du finn på den tilsendte fakturaen og deretter bruke den ferdig utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme bankgiroblanketter kan du få i din lokale bank eller på rådhuset. På rådhuset kan du få rettleiing til utfylling av tomme bankgiroblankettar.

Informasjon som må fyllas ut på den tomme fakturablanketten er:

  • Beløp
  • Betalerens kontonummer
  • Betalt til
  • Kundeidentifikasjon (KID)
  • Kroner og øre
  • Til konto

 

Faktura via VIPPS

Nyttar du Vipps og har aktivert tenesta Vipps faktura vil du kunne få faktura som Vippsfaktura.

Dette krev at du er registrert med eit gyldig mobiltelefonnummer i Giske kommune sitt kunderegister.

 

Faktura i Digipost/eBoks

Har du ei digital postkasse (Digipost eller eBoks) vil du motta fakturaen som digital post i Digipost eller eBokspostkassen din. Fakturaen vil ikkje bli sendt som digital post dersom du nyttar avtalegiro, efaktura eller Vippsfaktura.

Dette krev at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

 

Faktura som vedlegg i e-post

Har du ikkje avtalegiro-, efakturaavtale, vipps avtale,  eller har oppretta digital postkasse, men har registrert ein gyldig postadresse i Giske kommune sitt kunderegister, vil du få faktura som vedlegg i ein e-post frå Giske kommune.

 

Tilbod om å inngå efaktura-avtale

Er du registrert med gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du motta ein e-post med tilbod om å inngå efaktura- avtale med Giske kommune.

E-posten inneheld ei lenkje som du må klikke på for å aktivere ein slik avtale. Ønsker du ikkje å inngå slik avtale, kan du slette eposten. Har du allereie slik avtale med kommunen, får du ikkje e-post.

 

Faktura skal sendes til forretningsfører/andre mottakar enn deg.

 

Har du ein forretningsførar som mottek faktura på vegne av deg eller anna mottakar, vil dei nye måtane å sende faktura på (Vipps, Digital postkasse innbyggar) gjere det slik at faktura blir sendt til kunden i staden for «anna mottakar». Det er anbefalt at de som har «anna mottakar» til ikkje å inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

 

Her kan du sjå video som forklarer digital faktura for deg:

https://www.youtube.com/watch?v=yHvPT8oUKr8&list=PLuKYb2vL20jvX2p-0c3lCEyOi_HBIxqAj&t=0s&index=2