Skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangement

Når treng du å søkje?

Du må søkje om skjenkeløyve om:

  • Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement 
  • Du leige lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve 
  • Du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, i lokalar utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område

Kven kan få ambulerande skjenkeløyve?

  • Søker må vere fylt 20 år
  • Du må føre opp ein person som skal være ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

Korleis søke?

Elektronisk søknadsskjema.

Du kan bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Kor lang tid tar det å få svar?

Behandlingstida er normalt to veker, men for større arrangement/festivalar må ein rekne med lengre behandlingstid

Kva kostar det?

Maksimalsats jf. forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk, § 6-2. Faktura blir sendt elektronisk.