Livssynsnøytralt seremonirom

Ønskjer du å leige eit livssynsnøytralt lokale til høgtider og seremoniar?

 

Bilde av kommunestyresalen på Giske rådhus. - Klikk for stort bilete

 
 

Giske kommune ønskjer at innbyggjarane, uansett livssyn, skal kunne nytte seg av livssynsnøytrale seremonirom.
Det kan vere namnefest, bryllaup, gravferd eller andre høgtider.

Informasjonen under er ikkje utfyllande, det fins fleire lokalar i kommunen og vi vil fylle på med tilbod så snart vi har det.

Kommunen har vurdert lokala passande ut frå rettleiingar som Human-Etisk Forbund har gitt for livssynsnøytrale rom. Det bør blant anna ha universell utforming, vere mogleg med flyttbare symbol, tilrettelagt for trappefri tilkomst for til dømes bering av kiste m.m.

Har du tips til andre lokale i kommunen, meld det inn til post@giske.kommune.no. Vi set pris på alle tilbakemeldingar! 

Momentium - Øygardshamna Giske

Øygardshallen på Giske ligg i flotte omgjevnader tett ved sjøen. Der er god plass til parkering.
Momentium tilbyr ei basisleige av lokalet på 24.000,-. Dette inkluderer vask, lydanlegg, stolar, bord. Blomar, dukar og bemanning kjem utanom.
Det er og mogleg å leige prosjektleiar, lydteknikar m.fl. ved behov.

For meir informasjon og avtale, ta kontakt med Momentium: info@momentium.no. 

Mjølner - Vigra

Forsamlingshuset Mjølner finn ein i Molnesvegen på Vigra. Der er det høve til å leige to ulike salar. Den minste har plass til 50-60 personar og den største til omlag 250 personar. Leigepris er 2000,- for den vesle salen og 4500,- for den største. Dette inkluderer ferdig saloppsett og reinhald.

For meir informasjon og avtale, ta kontakt med styreleiar Inger Lise Molnes, tlf. 975 16 727.

Giske rådhus

Det er mogleg å leige både møterom og sal på rådhuset. Det er dessverre ikkje eigna til gravferd med kiste då det ikkje er trappe-/heisfri tilkomst.
Sjå elles eigne sider for informasjon om leige av sal og møterom: Leige av sal og møterom

Artikkelliste