Piano/Keyboard

Piano kan søkast for alle elevar i grunnskulealder. Elevene må ha tilgang til et piano (evt keyboard) for å kunne øve heime.

Keyboard er for elevar frå 2. klasse og oppover. Kulturskulen har keybord til undervisinga, og det er ein fordel å ha eige keybord heime til øving.

Leksjonane er på 20 minutt i veka til fast tid. 

Pianoundervisninga er hovudsakleg basert på å spele frå notar, men det vil også vere noko opplæring i  besifringsspel.
For å lære seg å spele eit instrument er det viktig å øve kvar dag.
Elevane må ha eit instrument de kan øve på kvarr dag, helst eit piano/ el-piano, keyboard kan evt brukes i byrjinga.

Keyboardundervisninga er basert på å spele etter notar i G-nøkkel for høgre hand og akkorder i venstre hand. Du må ha keyboard heime for å øve på lekse.