Kunst er for elevar frå 4. klasse og oppover.
Kunstelevane arbeider med teikning, maling, trykk, leire, gips, form og mykje meir.
Vi har utstillingar fleire gonger i løpet av året.
Kunstelevane samlast 1 1/2 time kvar veke i grupper på 8 elevar. Vi held til i kunst og handtverks lokalene ved Valderøy Barneskule. Gruppene setjast saman ut frå alder og om ein har gått på kunst før, eller om ein er ny.
I timane arbeider elevane med ulike oppgåver som læraren tilrettelegg for. Oppgåvene er svært varierte både i teknikk og innhald. Her får ein male på ark og på lerret, med akryl, vannfarge og akvarell, stort og smått. Vi modellerar med leire, gips og metalltråd. Ein periode kvart år skjer vi bilder i linolium, trykker og arbeider med grafikk. Elevane arbeider med tredimensjonal form og lagar for eksempel dyr i pappmasjè, eller vi arbeider tredimensjonalt med ull (nålefilting) Kunstelevane teiknar med kull, blyant, tusj, oljepastellkritt og softpastellkritt.
Vi ser også på kva ein kan gjere med med ting ein vil kaste. Dei eldste elevane vil her få lære litt om redesign, omsøm, av klær og dei yngste får bruke fantasien og skape skulpturer av "søppel" som metall/ plast-bokser og div.
Kulturskulen har malarfrakkar til elevane, og skaffar elles det som trengs av materialar til dei ulike aktivitetane.
Elevarbeida blir hengt opp, eller vist i montere, i gangen utanfor kunst og handtverks romma ved Valderøy Barneskule. Ein gong i året har vi utstilling av elevarbeida i eigna lokale utanfor skulen. Vi deltek også på felles forestillinger med resten av disiplinene i kulturskulen. Da blir gjerne elevarbeida vist på storskjerm. Dei eldste elevane hjelper også til med å lage kulisser til forestillinger.
Vel møtt til kunst!
Sist endra 09.12.2025 16.50