Teater er eit tilbod for elevar frå 4.trinn og oppover. Elevane deles inn i to grupper på opptil 15 elevar, ei for barneskulen og ei for ungdomsskulen (dette kan variere basert på kor mange som søkjer). Øvingane vil vere på 90 minuttar ein gong i veka, men oftare/lengre inn mot framsyningar. Vi øver i Blackbox på Valderøy barneskule.
I teaterundervisninga jobbar elevane ut i frå ulike tekstar/skodespel. Kanskje ein klassikar, noko som er heilt nytt eller noko som elevane har skapt sjølv. Utanom arbeid med produksjonar skal elevane lære meir om korleis ein står på scena, snakkar til eit publikum og skapar nye karakterar gjennom kroppsspråk, stemme og grundig planlegging.
I undervisningstimane skal vi bevege oss, bli godt kjent med kvarandre og bygge fokus gjennom ulike leikar. Det er lurt å kome i klede ein kan bevege seg i og å ha med ei vannflaske.
Teatergruppa passer for alle som synes det høyrast spennande ut å stå på scena, spele ei rolle, fortelje historier og å ha det kjekt saman med andre. Ein trenger ingen forkunnskapar.
Sist endra 17.06.2026 12.44