Klassisk

Klassisk ballett er eit tilbod for born frå 7 år og oppover. Klassene er på ca 10 elevar, og ein leksjon er på 60 minutt eller meir. Vi deler inn elevane etter alder og nivå.

I klassisk ballett timane lærer vi å bli små og store ballerinaer. Vi går gjennom den klassiske teknikken og lærer gradvis mange forskjellige steg, posisjonar, hopp og etter kvart koreografiar.

Dei yngste går på Mini-Klassisk gruppa, som er steget etter Barnedans. Dei andre gruppene blir delt opp etter alder og nivå.

Vi dansar i strømpebukse/ tights, singlet/ t-skjorte evt. skjørt og ballettsko/ sokkelesten. Det er viktig at kleda sit tett på kroppen slik at det er lett å sjå om bevegelsane blir utført riktig. Husk hårstrikk og vannflaske!