Hiphop er eit tilbod for gutar og jenter frå 10 år og oppover. Elevane blir gruppert etter alder og nivå. Klassene er på ca 10-12 elevar, og leksjonane er på 60 minutt og oppover.
Hiphop/street er ei danseklasse med mykje dansing og høgt energinivå, satt saman av element frå fleire populære stilartar innanfor dansefaget. Vi brukar mykje forskjellig hiphop/pop musikk i timane.
I desse klassene øver vi på forskjellige "akrobatiske triks", teknikk, steg og tekniske element. I tillegg til dette har vi styrketrening, tøying og innstudering av forskjellige koreografiar, både korte og lange.
Denne dansestilen er ganske tøff og kraftfull, og passar best for gutar og jenter i alderen 10 år og oppover. Yngre elevar kan også søke og få plass dersom samansetninga av aldersgrupper i dansegruppa passar. Elevane som har undervisning på Valderøya og Vigra er fordelt på grunnlag av klasse og alder.
Vi trenar i joggebukse/tights, t-skjorte/singlet og innesko.(Pass på at skoa ikkje er for tunge eller stive, det å danse i sokkelesten er også heilt greitt). Husk å bruke hårstrikk dersom ein har langt hår! Alle bør ha med vannflaske til timen
Sist endra 09.12.2025 16.49