Barnedans

Barnedans er eit tilbod for gutar og jenter frå 4 til 7 år. Barnedansgruppene er på ca 10 elevar som dansar saman 60 minutt ein ettermiddag i veka.

Barnedans er namnet på dei danseklassene der born under skulepliktig alder kan begynne. Vi tek inn danseelevar frå 4 til 8 år på desse gruppene.

 
I timane blir det lagt stor vekt på læring gjennom leik, vi jobbar med å utvikle evna til å forestille seg, samt det å bli klar over korleis kroppen vår fungerar.
I klassene leikar vi oss til både klassisk og meir rocka musikk, samtidig som vi lærer nokre av dei grunnleggande trinna innanfor klassisk ballett.
Desse klassene gir eleven eit godt grunnlag for vidare danseopplæring i kulturskulen.
 
Kom til timen i behagelege klede som sit godt på kroppen og husk hårstrikk!
Alle bør ha med vannflaske til timen.
 
Både gutar og jenter kan søke seg inn på Barnedans.
Vi har foreløpig ingen guttegrupper på Barnedans, men oppfordrar dei som ønsker det til å søke,  med nok søkarar kan vi få satt opp ei slik gruppe