Historikk

Oppretting av Giske Musikkskule vart samrøystes godkjend i Giske formannskap 30..Juni 1981.

 

Initiativtakar var musikkinstruktør Terje Skytterholm.

Musikkskulen kom i gong 01.01.1982. Terje , som var leiar av skulen, hadde kontor/undervisningsrom på Valderøy ungdomskule, og det vart ansatt fleire instruktørar som underviste på dei forskjellige skulane rundt om i kommunen. Skulen har hatt tilbod som gitar, piano, orgel/keyboard, slagverk, fiolin, vokal, babysang, aspirantopplæring, dans, teater, kor og korpsdireksjon.

I 2001 valde Terje å slutte i Musikkskulen, og Fred Røyseth overtok som leiar.

Det vart etterkvart oppussa på Pyramiden ovanfor rådhuset, og musikkskulen fekk øvingslokaler der med flott dansesal. Musikkskulen fekk også nytt namn, og det vart då Giske Kulturskule med stort skilt på veggen utanfor for å gjere skulen synleg.

I 2015 flytta skulen til den nye barneskulen på Valderøya, med gode øvingsrom og kontor.

I 2020 kom Covid , og lærarane måtte undervise på teams/skype. Dette var ei krevjande tid og med ein kommune på Robek og innsparingar, så måtte vi legge ned teaterundervisninga. Det vart også kutt i undervisningstilbodet i musikk. Fred Røyseth gjekk av som pensjonist i juni 2021, og Ina Furnes har sidan då hatt det administrative ansvaret som arbeidsleiar i kulturskulen, med rektor på Valderøy barneskule som fungerande rektor på kulturskulen.

01.01.2025 gjennomgjekk Giske kommune ei større omorganisering og Giske kulturskule vart flytta frå den administrative leiinga i oppvekst til kommunalområde Samfunn og avdeling for kultur og service, med Ingvild Nautvik som avdelingsleiar og fungerande rektor.