Informasjon om opptak til kulturskulen

Søknadsfrist for hovudopptak kommande skuleår er 1. mai.

Søknadsfristen for vårsemesteret er 1. november.

Kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.

Kulturskulen har to semester pr. skuleår, det første frå august til jul, og det andre frå nyttår til midten av juni.

Vi tek elles opp elevar store delar av året, så snart det blir ledig plass.

Korleis søke?

  • Trykk på lenka til søknadsskjema øvst på denne sida.
  • Hovudopptaket blir gjort frå søknadsfristen 1. mai og fram mot sommarferien.
  • Elevar som går i kulturskulen har fast plass til plassen blir sagt opp skriftleg.
  • Elevar som står på venteliste blir prioritert framfor nye søkarar.
  • Søkaren skal få skriftleg tilbakemelding innan seks veker etter søknadsfristen. Denne informasjonen skal innehalde svar på søknaden eller informasjon om når endeleg svar kjem.
  • Søkarar som ikkje får plass ved hovudopptaket blir sett på venteliste. Desse treng ikkje søkje på nytt ved neste hovudopptak.
  • Søkjarar som får tildelt ein elevplass ved hovudopptaket, men som ikkje ønskjer å nytte plassen likevel, må seie frå skriftleg innan 1. mai samme år. Vi har mange på venteliste kvart år, og plassen bør då få gå vidare til neste.
  • Søkjarar som har fått plass får skriftleg info om når og kvar det første oppmøte skal vere, samt kva lærar dei skal ha.

 

Kriterium for opptak:

- at det er ledig plass på ønska tilbod.
- at eleven har rette alderen for tilbodet.
- enkelte tilbod kan prioriterast når det er teneleg for utviklinga av eit fagområde.


Det er ingen opptaksprøver for søkarar til kulturskulen.
Tilbodet skal, så godt det lar seg gjere, tilpassast den enkelte elev sine føresetnadar.

 

Vikarløysingar:

Hovudmålet vårt er å gjere undervisinga så stabil som mogeleg gjennom heile skuleåret.

Viss ein lærar er sjuk eller forhindra i å ha undervising, gjer administrasjonen det vi kan for å skaffe ein kvalifisert lærar, slik at undervisinga går som den skal. Dessverre klarer vi ikkje alltid dette ved akutt sjukdom, og da kan leksjonen bli avlyst. Melding om dette sendast ut på sms til den som er registrert som sms-mottakar i vår database. Ved fleire enn to avlysingar i løpet av eit semester, kan vi gi reduksjon i elevpengane frå avlysing tre som ein kompensasjon for mista leksjon.  Ved sjukemeldingar blir det sett inn vikar, og timeplanen kan bli endra i samråd med elevar og føresette.