Musikkbingen

TRENG DU EIT ØVINGSLOKALE?

Det er muligheit å leige øvingstid i Giske Musikkbinge. Bingen er utrusta med gitarar, forsterkarar, PA-anlegg, trommesett og keyboard.

Bingen er plassert aust for Frivillighetssentralen, inngang på baksida.

Ta kontakt på mail dersom du er interessert:  kulturskulen@giske.kommune.no

Gjeldande reglar:
- Husleiga for øvingstid i bingen er kr.400,- i halvåret pr. person.
- Ein kontaktperson i bandet får nøkkel.
- Kontaktpersonen får tilsendt faktura ein gong i halvåret der også dei andre bandmedlemmane sine kontingentar er ført opp. 
- Brukarane forpliktar seg til å halde bingen i god stand, og rydde etter seg.

 

Musikkbingen er gratis for ungdom under 18 år. Den kan då lånast ved enkelthøve, og nøkkel utleverast på Servicekontoret på rådhuset etter at avtale med kulturskulen er inngått.