Kommunal gjennomgangsbustad
Kommunal gjennomgangsbustad er eit mellombels tilbod om å leige bustad som Giske kommune eig. Ein har som mål at den einskilde leigetakar kjem seg over i den private bustadmarknaden i løpet av leigeperioden.
Husleigekontrakt for kommunale bustader opphøyrer derfor som hovudregel etter ei ordinær leigetid på tre år. Bustadene er eit av fleire tilbod vi har for å hjelpe deg som har problem med å skaffe deg bustad sjølv.
Kven kan få tilbod om kommunal gjennomgangsbustad?
Tilbodet er for deg som er utan bustad, og for deg som ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen.
Tildeling av kommunal gjennomgangsbustad vert gjort etter:
Lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.
Gjeldande retningslinjer for tildeling av kommunal bustad
Kva kostar det?
Husleiga varierer utifrå storleik og standard. Personar som bur i kommunal bustad kan på visse vilkår søke om bustøtte.
Korleis søke?
Du må søke på eige søknadsskjema for kommunal gjennomgangsbustad.
Søknadsskjema
Korleis avslutte leigeforholdet?
Det må leverast skriftleg oppseiing på leigeforholdet. Det er 30 dagar oppseiingstid.
Når kan du vente svar?
Søknadar vert behandla fortløpande av bustadsosialt team som har møte ein gong i månaden. Du får skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Fristen for å klage på vedtak er tre veker.
Send klage med grunngjeving og eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon til:
Giske kommune ved bustadsosialt team
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Husleigelova
Husleigelova regulerer plikter og rettar i forholdet mellom leigar og utleigar av bustader.
Her kan du lese kva det er nyttig å vite om husleigelova.