Lokaliseringsteknologi - Hovedportal

Lokaliseringsteknologi

Lokaliseringsteknologi (GPS)

Lokaliseringsteknologi (GPS) er ei løysing som kan gi auka tryggleik for personar som har utfordringar med å orientere seg.

Ved hjelp av GPS kan ein finne ut kvar personen oppheld seg, og få varsel dersom personen beveger seg utanfor eit definert område.

 

Kven kan ha nytte av dette?

Lokaliseringsteknologi kan vere aktuelt for personar som til dømes:

  • har demens eller kognitiv svikt
  • har behov for ekstra tryggleik når dei er ute
  • kan ha vanskar med å finne vegen heim

 

Tryggleik og vurdering

Løysinga vert tildelt etter ei individuell vurdering.

Bruk av lokaliseringsteknologi krev samtykke, og skal bidra til auka tryggleik for både brukar og pårørande.

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om tilbodet.