Velferdsteknologi er ei fellesnemning for teknologi som kan gi auka tryggleik, sjølvstende og meistring i kvardagen.
Teknologien vert brukt som eit supplement til helse- og omsorgstenester, og kan bidra til at du kan bu lengre heime og klare deg meir sjølv.
Kven kan få velferdsteknologi?
Velferdsteknologi kan vere aktuelt for personar med helseutfordringar, til dømes ved sjukdom, nedsett funksjonsevne eller behov for oppfølging i heimen.
Løysingane vert tildelte etter ei individuell vurdering.
Kva betyr dette i praksis?
Velferdsteknologi kan til dømes vere:
- Tryggleiksalarm – du kan varsle hjelp ved behov
- Elektronisk dørlås (Bekey) – heimetenesta kan kome seg raskt inn
- Digitalt tilsyn (kamera) – tilsyn utan fysisk oppmøte
- Digitalt tilsyn (sengesensor) – registrerer rørsle og aktivitet
- Medisindispenser – hjelp til å ta medisinar til rett tid
- Lokaliseringsteknologi (GPS) – auka tryggleik ved behov for sporing
Dette kan gi både brukarar og pårørande ein tryggare kvardag.
Målet med velferdsteknologi
- Gi auka tryggleik i kvardagen
- Bidra til at du kan bu lengre i eigen heim
- Støtte meistring og sjølvstende
- Gi tryggleik også for pårørande
Meir informasjon
For meir informasjon om dei ulike løysingane, sjå infoskriv:
Søknadsskjema og satsar finn ein her:
Oversikt over betalingssatsar i omsorg 2024
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Sist endra 17.04.2026 14.32