Kva er digitalt tilsyn? - Hovedportal

Kva er digitalt tilsyn?

Kva er digitalt tilsyn?

Digitalt tilsyn er ei løysing som gjer at helsepersonell kan følgje med på om du har det bra, utan å vere fysisk til stades.

Løysinga er eit supplement til ordinære helse- og omsorgstenester, og kan gi auka tryggleik i kvardagen.

 

Korleis fungerer digitalt tilsyn?

Digitalt tilsyn kan skje på ulike måtar:

  • Kamera – helsepersonell kan gjere tilsyn utan å gå inn i bustaden, og oppdage om noko ikkje er som normalt, til dømes om ein person har falle eller treng hjelp
  • Sensorar – til dømes sengesensor (registrerer rørsle), dørsensor (varslar om dør blir opna) eller andre rørslesensorar
  • Varsel vert sendt til helsepersonell dersom noko unormalt skjer
     

Dette gjer at ein kan oppdage behov for hjelp raskt, også utan at du sjølv må varsle.

 

Kva betyr dette for deg?

Digitalt tilsyn kan:

  • Gi auka tryggleik, spesielt på natt
  • Redusere behovet for fysiske tilsyn
  • Bidra til betre søvn og mindre forstyrringar
  • Sikre rask hjelp ved behov
     

Teknologien erstattar ikkje helsepersonell, men er eit tillegg til tenestene du får.

 

Tryggleik og personvern

Bruk av digitalt tilsyn krev samtykke og vert vurdert individuelt. Tilsynet vert tilpassa dine behov. Kamera kan anonymisere delar av biletet for å ivareta personvernet.

Tilsynet vert utført på ein skånsam måte, og skal ivareta personvernet ditt. Kamera vert berre brukt ved behov, og ikkje til kontinuerleg overvaking.

 

Døme

Ein sengesensor kan registrere om du ikkje kjem tilbake til senga om natta, og sende varsel til heimetenesta.
Ein dørsensor kan varsle dersom ytterdøra blir opna til uvanleg tid.

 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå infoskriv om digitalt tilsyn.