Valderøy omsorgsdistrikt tilbyr varierte tenester til innbyggjarane i Giske kommune.

Omsorgsdistriktet har basen sin i Giske omsorgssenter på Valderøya. Her finn du bukollektiv med 22 langtidsplassar og inntil 8 kortidsplassar, samt heimetenesta, dagtilbod for heimebuande, sentralkjøkken og leiarane.
Valderøy omsorgsdistrikt har tilsette med god kompentase og variert bakgrunn. Eininga har som overordna mål å tilby tenester med god kvalitet. Det er fokus på brukarmedvirkning og samarbeid med pårørande. Vi arbeider tverrfagleg i nært samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, velferdsteknikar, tildelignskontor og dei andre einingane.
Avdeling Kølve og Signalen er langtidsavdelingar og avdeling Storhornet er korttidsavdeling.
Heimetenesta har brukarar i eit vidt aldersspenn, med fleire ulike funksjonsnedsettingar og hjelpebehov. Vi gir helsetenester og personleg assistanse til dei som har behov for bistand, tilrettelegging og veiledning til å utføre nødvendige daglege gjeremål.
Dagsenteret er eit tilbod til heimebuande og har ope måndag, onsdag og fredag. Vi tilbyr mellom anna frokost, mellom-måltid og middag, fysisk aktivitet, sosialt samvær og mykje anna.
Einingsleiar Janita Engeset Ellingseter og nestleiar Elin-Karin Hopland har overordna ansvar for omsorgsdistriktet.
Viktige telefonnummer:
Namn | Telefonnummer |
---|
Einingsleiar: Janita Engeset Ellingseter | 926 20 535 |
Nestleiar/Avd.leiar Dagsenter og Storhornet: Elin-Karin Hopland | 417 02 318 |
Avdelingsleiar Kølve og Signalen: Sofie Holmeset | 417 02 316 |
Avdelingsleiar Heimetenesta: Iren Hovlid | 417 02 314 |
Avdelingsleiar Storkjøkken: Irene Rogne | 417 02 317 |
Kontor omsorg Giske Kommune: Karina P. Synes | 417 02 323 |
Heimetenesta Giske | 957 58 551 |
Heimetenesta vakttelefon | 417 02 365 |
Dagsenter | 417 02 336 |
Avdeling Kølve | 417 01 908 |
Avdeling Signalen | 417 01 913 |
Avdeling Storhornet | 417 01 917 |