Tryggleiksalarm nyttast når ein person har behov for auka tryggleik i kvardagen, til dømes ved sjukdom eller nedsett funksjonsevne. Tenesta vert tildelt etter individuell vurdering.
Personar med tryggleiksalarm ber eit smykke eller armband med knapp. Når ein treng hjelp, trykkjer ein på knappen og kjem i kontakt med responssenteret, som svarar gjennom alarmboksen.
Responssenteret er bemanna 24 timar i døgnet. Dei vurderer kva hjelp som er nødvendig og varslar heimetenesta ved behov.
Dersom ein ikkje svarar når responssenteret tek kontakt, vil dei likevel sende hjelp heim for å sikre at personen har det bra.
Alarmknappen er vanntett og kan brukast i dusj og på bad.
For å få tryggleiksalarm må ein søkje til tildelingskontoret. Det er ein eigenandel knytt til tenesta.
Søknadsskjema og satsar finn ein her:
Oversikt over betalingssatsar i omsorg 2024
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
📄 Infoskriv Trygghetsalarm.pdf (PDF, 100 kB)