Dagtilbod Giske omsorgssenter

Giske kommune tilbyr dagtilbod for eldre på Giske omsorgssenter 3 dagar pr veke.

Eit tilbod for deg som ønskjer å kome deg ut for å vere med på aktivitetar og sosial deltaking.  Vi legger gjerne aktivitetar til rette for kvar enkelt sine interesser.  Vil tilbyr mellom anna frukost, mellom-måltid, middag, fysisk aktivitet og mykje anna. Skyss til og frå er inkludert. 

Ope måndag , onsdag og fredag frå kl 09.00 - 14.30.  

Ta kontakt med Åse og Stine på telefon: 417 02 336 om det er noko du lurer på  i forhold til tilbodet. 

For å søkje på denne tenesta brukar du søknadsskjema om Helse- og Omsorgstenester