Om Kingelveven

Kingelveven Verkstad og Utsal er ein arbeidsplass for menneske med ulike hjelpebehov, med Giske kommune som arbeidsgjevar.
Hos oss finn du handlaga interiørartiklar i tekstil og vev, samt våre gode opptenningsbrikettar. Produkta er rimelege og av god kvalitet.
Hovudtanken med denne arbeidsplassen er at arbeidstakarane og personalet saman skal bidra til at Kingelveven skal vere ein god arbeidsplass, der alle er viktige og tek aktivt del i produksjonen.

Vi held til i pyramidebygget rett oppom rådhuset.
Om sommaren har vi sal av varer ved Alnes Fyr, i tillegg til butikken på Valderøya.

Opningstid: måndag – fredag kl 8 – 15
Tlf. 417 01 923
Mail: king@giske.kommune.no
Vi er òg å finne på Giske kommune si facebookside

Bilde av Kingelveven frå utsiden. - Klikk for stort bilete