Skomakarvegen bufellesskap

Bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne, som treng hjelp og/eller tilrettelegging i kvardagen (ADL – Activity of Daily Living).

I Skomakarvegen bufellesskap er det fem bustader, kvar bustad inneheld kjøkken / stove, eit soverom og bad / vaskerom.  I tillegg har kvar bustad tilknytt og ei utebod for oppbevaring.

I midten av bufellesskapet ligg eit fellesareal, som inneheld ei stor stove og kjøkken, samt eige gjestetoalett.

Fellesområdet vert nytta dagleg, mellom anna til felles måltid for bebuarane i bufellesskapet, samt til felles sosiale aktivitetar. 

Viktige lenker

Ukraina