Reset bufellesskap

Bilde av Reset bufellesskap frå utsida - Klikk for stort bilete

 

 

Bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne, som treng hjelp  og/eller tilrettelegging i kvardagen (ADL – Activity of Daily Living).

I Reset bufellesskap er det seks bustader, men den eine bustaden er nytta som personalrom / kontor.

Kvar bustad inneheld kjøkken / stove, eit soverom og bad / vaskerom.  I tillegg har kvar bustad tilknytt ei innebod og ei utebod for oppbevaring.

I midten av bufellesskapet ligg eit fellesareal, som inneheld ei stor stove med kjøkkenkrok, samt eige gjestetoalett.

Fellesområdet vert nytta dagleg, mellom anna til felles måltid for bebuarane i bufellesskapet, samt til felles sosiale aktivitetar.