Arbeidsområde for logopeden

Logopeden arbeider med ulike talevanskar hos både barn og vaksne.

SPRÅK OG TALEVANSKAR HJÅ BARN

Når den språklege utviklinga hjå eit barn er i utakt med den generelle utviklinga, kan det vere snakk om ein utviklingsmessig språkvanske. Vanskane kan få innverknad på ulike sider av språket som å uttale språklydar, aktivt ordforråd, språkforståing, vanskar med å uttykke seg, å bygge opp ei setning, gramatikk og å gjere seg nytte av språket generelt. Barn med slike vanskar er i risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar. Det er difor viktig at barnet vert undersøkt av logoped dersom språket ikkje har utvikla seg som venta. Logopeden kan undersøke barnet og vurdere om det gjeld ein spesifikk språkvanske og/eller vanskar med å uttale einskildlydar.

Barn med språkvanskar.

Barn med språkvanskar er ei heterogen gruppe der vanskane varierer i omfang og innhald. Ein stor del av barna med språkvanskar har problem som vert omtala som spesifikke språkvanskar, men også i denne gruppa er det stor variasjon frå barn til barn. Dette er det viktig å avklare under kartlegging og når tiltak skal setjast i gang.

Vanskane kan vere:

Fonologiske-, syntaktiske-grammatiske-, sematiske- og pragmatiske. Oppvekstvilkår, språkleg påverknad heime, i barnehage og skule har innverknad på den kogintive utviklinga til barnet.

Tidleg intervensjon og ulike tiltak kan i nokre tilfelle forebygge at vanskane får utvikle seg eller hindre at dei får for stort omfang. Forskarar hevdar at barn med spesifikke språkvanskar representerer ei gruppe som lett kan bli oversett med omsyn til tiltak. Kanskje er det fordi det er barn med klare ekspressive vanskar eller uttalevanskar som i stor grad vert melde til hjelpeapparatet.

Barn som har ein språkvanske med ekspressive vanskar og/eller uttalevanskar, vil ofte ha større sjanse for å bli oppdaga enn barn som har problem med å forstå språket. Det er viktig å merke seg at språkvanskar og barn med spesifikke språkvanskar er eit relativt vanleg problem. T.d. Tomblin (1997) har funne at 7,4% av femåringane har språkvanskar der årsaka ikkje er frå kognitiv, motorisk eller språkleg svikt. Generelle kjenneteikn på språkvanskar:

  • Fonologiske vanskar (t.d. problem med konsonantopphopningar,uttale av lydar)
  • Gramatiske vanskar (t.d. uttalevanskar av endingar i ord)
  • Leksikalske vanskar (forseinka læring av ord-t.d. dei første orda kjem ved 2 eller 3 års alderen i staden for 1 års alder)
  • Forståelsesvanskar (vanskar med å oppfatte kva andre seier, og problem med å forstå metaforar)
  • Lese- og skrivevanskar

Nokre av desse vanskane kan vi oppdage tidleg, andre som metaforar og lesevanskar, kanskje ikkje før barnet tek til på skulen. Vi kan ikkje seie om barnet har spesifikke språkvankar berre ved å lytte til barnet. For å kunne diagnostisere, treng vi meir klåre kriteriar. Språk er eit samansatt og dynamisk system av symbol som har tyding for tenking, sosial kontakt og identitetsdanning til barnet.

I St.meld.nr 16 (2006-2007)"...og ingen stod igjen" vert det streka under at helsestasjonar, barnehagar og skular har store utfordringar med barn som slit med språk og språkforståing, og at tidleg innsats og god språkstimulering er hovudbodskapen for å utvikle grunnleggjande ferdigheiter for livslang læring. Kartlegging Det er viktig å få god innsikt i kva barnet meistrar og kva for utfordringar det har i språket. Tiltak må bygge på ei vid undersøking på talen, ekspressivt språk, språkprofil og evaluering om kva som ligg bak profilen. Utan denne vurderinga kan vanskane bli vurdert som enklare og mindre komplekse enn det dei i røynda er.

Ei god utgreiing og tilrettelegging vil verke inn på den kognitive og sosiale utviklinga til barnet.

TALEFLYTVANSKAR / STAMMING / LØPSK TALE

Brot i talestraumen eller oppattaking av stavingar eller heile ord, kan i korte periodar vere heilt vanleg i språkutviklinga til førskuleborn. Men hjå einskilde kan dette utvikle seg og bli ein start på stamming. Behandlinga til born med stamming er indirekte. Det er viktig at alle som er rundt barnet vert kjende med korleis ein skal hjelpe barnet språkleg. Løpsk tale kan vere: Brot i talen, uregelmessig og raskt taletempo eller utydeleg tale som fylgje av uttalevanskar eller dårleg uttale av lydar. Logopeden kan gi behandling og råd.

AFASI

Ein kan få språkvanske etter eit hjerneslag der språkområda i hjerna er skada. Skaden kan føre til ulike språkvanskar, alt etter kva for språkområde skaden er i. Afasi verkar inn på evna til å snakke, til å forstå kva andre seier og evt. lese-skrivevanskar / tolkingsvanskar. Språkvanskane er ulik frå person til person. Afasi er ein språk- og kommunikasjonsvanske.

DYSARTRI / MOTORISK TALEVANSKE

Dette kan vere ein talevanske med langsame, svake, upresise, lite koordinerte rørsler i talemuskulaturen. Dette er ikkje ein språkvanske, men ein motorisk vanske. Problema kan kome etter hjerneslag, ved Parkison, MS, ALS og andre nevrologiske tilstandar.

VANSKAR MED STEMMA HJÅ BARN OG VAKSNE

Årsaka til vanskar med stemma kan vere skade eller ubalanse i stemma - /taleapparatet. Ein kan høyre tydelege endringar i stemma som hesheit, klumpkjensle, svak stemme eller bortfall av stemma. Mange opplever at det vert slitsamt å bruke stemma, og ubehag når ein snakkar. Nokon kjenner trang til å kremte, klumpkjensle ved strupehovudet, tørrheit, hesheit, sår i halsen og smerter. Det er to ulike grupper av stemmevanskar : Organiske og Funksjonelle. Årsaka er ofte at stemma vert brukt uheldig. Hjå barn kan det vere at stemma vert brukt for høgt og for mykje/kraftig, feil stemmeleie eller feil belasting på stemma. Det er ikkje uvanleg at barn får knutar på stemmebanda. Dette er ikkje farleg, men bør behandlast av logoped ved direkte eller indirekte forklaring til foreldre. Stemmebandsknutar er ein knute på det eine eller begge stemmebanda. Stemmebehandling tar utgangspunkt i øyre-nase-hals legen si diagnose og det logopeden finn i ei funksjonsanalyse.