Vaksenvaksinasjon hausten 2025

Giske kommune startar sesongvaksinering frå 14. oktober.

Årets vaksinetilbod er influensavaksine, koronavaksine og vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine).

Vaksineringa skjer ved Giske legesenter ettermiddag og kveld, det er sett opp fleire vaksinekveldar.

 

Timebestilling - logg inn på Helsenorge

Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Vaksinasjon for risikogrupper mot influensa og korona vil frå hausten 2025 vere ein del av det nye nasjonale vaksenvaksinasjonsprogrammet.

I tillegg vil alle som er fødde i 1960 få tilbod om pneumokokkvaksinasjon i programmet i 2025.

Alle over 65 år er tilrådd vaksine mot influensa kvart år og pneumokokkvaksine kvart 6. år.

Personar over 75 år er tilrådd koronavaksine. Personar 65-75 år kan få tilbod om koronavaksine i programmet om dei ønsker det.

Ein del personar med kroniske sjukdommar er også tilrådd vaksinering. Les meir om risikogrupper for dei ulike vaksinene her:

Influensavaksine - risikogrupper Koronavaksine - risikogrupper Pneumokokkvaksine - risikogrupper

Timebestilling

Alle som oppheld seg i Giske kommune kan bestille time for vaksinering ved Giske legesenter. Det er planlagt vaksinering tysdagar og torsdagar klokka 16-20 frå 14. oktober.

Vi tilråder digital timebestilling her:  Helsenorge

Dei som ikkje kan bestille time digitalt kan ringe Giske legesenter i opningstida, telefon 701 88 500.

Ved akutt sjukdom med feber over 38 grader må timen avbestillast.

Kvar skjer vaksineringa i Giske?

Vaksinering av dei som er i målgruppa for vaksinene får tilbod om vaksinering ved Giske legesenter. Vaksineringa skjer på eigne vaksinekveldar, det er ikkje mogleg å få vaksinene i opningstida til legesenteret.

Personar som ikkje er i målgruppa, men ønsker å kjøpe vaksine privat, kan vende seg til private aktørar, til dømes apotek.

Helsepersonell med pasientkontakt skal få influensavaksine frå arbeidsgjevar og kan vende seg til næraste leiar.

Når startar vaksineringa?

Fyrste vaksinekveld blir tysdag 14. oktober. 

Kan ein ta fleire vaksiner samtidig?

Alle dei tre vaksinene kan settast samtidig. Det er opp til kvar enkelt om dei ønsker ein, to eller tre av vaksinene i programmet, så lenge ein er i målgruppa.

Prisar

Influensa- og koronavaksine: 386 kroner

Berre influensavaksine: 301 kroner

Berre koronavaksine: 110 kroner

Pneumokokkvaksine for andre i målgruppe: 380 kroner

Prisar for personar fødde i 1960

Influensa-, korona- og pneumokkvaksine: 471 kroner

Influensa- og pneumokokkvaksine: 386 kroner

Korona- og pneumokokkvaksine: 170 kroner

Berre pneumokokkvaksine: 110 kroner