Koordinerande eining

Koordinerende eining (KE) er ein lovpålagt funksjon for alle kommuner, og har det overordna ansvaret for oppfølging og opplæring knytt til individuell plan, koordinator og barnekoordinator. Koordinerande eining skal bidra til å sikre eit heilskapleg tilbod til innbyggarar med behov for langvarige og koordinerte tenester.  

I Giske kommune ligg funksjonen KE under eining Samhandling og koordinering. KE har, i samarbeid med Tildelingskontoret, ansvar for mottak og behandling av meldingar om behov for koordinerte tenester.  

KE er samansett av fagpersonar på tvers av fag og sektorar for å sikre ei best mogleg vurdering av søknader om koordinerte tenester. Det blir gjort ei individuell vurdering i kvar enkelt sak, der ein ser på kva som er rette koordineringsnivå.  

Ved behov for koordinerte tenester bruk dette skjemaet:

Søknad helse- og omsorgstenester | Giske kommune