Sterk og stødig

 STERK OG STØDIG

Er du litt ustø, over 65 år og kjenner at beina ikkje er så sterke lenger? Ynsker du å bli sterkare og stødigare? Då kan Sterk og stødig-gruppene vere noko for deg. Du treng ikkje å ha noko erfaring med trening frå tidlegare, men du må kunne gå innandørs uten hjelpemiddel.

Treningsgruppene blir hold av frivillige instruktører som har tatt kurs og blitt “sterk og stødig-instruktørar”. Det er ein fysioterapeut frå fysio-og ergoterapi tenesta som er veiledaren til dei frivillige instruktørane og har ansvaret for påmeldinga

Du er hjartleg velkomen til å delta i ei av våre treningsgrupper for seniorar, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. For å kunne delta må du få tildelt ein plass gjennom påmelding.  

For å melde deg på må du sende sms eller ringe 

PÅMELDING: 

RING/SMS 41702349 

TID OG STAD: 

GISKE (gamleskulen): 

 

Mandagar kl.10:30 

GODØYA (Klubbhuset): 

 

Gruppe 1: Onsdagar kl.10:30 

Gruppe 2: Onsdagar kl.11:45 

 

VIGRA (Rota): 

 

Gruppe 1: Torsdagar kl.10:30 

Gruppe 2: Torsdagar kl.11:45 

 

 

VALDERØYA  

 

 

GISKE UNGDOMSSKULE (GYMSALEN) 

Tirsdagar kl.14:00 

 

VALDERVOLL: 

Gruppe1: Torsdagar kl.10:30 

Gruppe 2: Torsdagar kl.11:45 

 

TRENINGSGRUPPENE FØLGER SKULERUTA

Det vil seie at det ikkje er trening i skuleferiane eller ved merkedagar/helligdagar. Som deltakar er du ansvarlig for å vite når det er trening og ikkje.  

AVMELDING: Du har plassen din heilt til du evt. melder deg av.  Dersom du ønsker å melde deg av må du ta kontakt på tlf: 41702349. Det er viktig at du gir beskjed om avmelding slik at dei som evt. står på ventelista kan få plass på gruppa.  Viktig! Du kan IKKJE melde deg av gjennom instruktørane.   

FRAVÆR: Det er viktig at du møter opp på treninga for å kunne behalde plassen din. Har du vore vekke 3 gongar på rad vil du bli kontakta for å høyre om du ønsker å behalde plassen din eller ikkje.  Viktig! Du skal IKKJE gi beskjed ang. fravær. 

TA MED /HA PÅ:  Ta med ei vannflaske og joggesko til bruk innandørs. Ha på deg klede som du kan bevege deg i. 

GRATIS: Ein stor takk til IL Valder, Godøy IL, Vigra IL, Giske Sogelag og Giske ungdomsskule som stiller med lokale slik at det vil vere gratis for seniorene å delta på Sterk og stødig.