Fysioterapi

Fysio og ergoterapitenesta er ein del av Giske kommune sitt helsetilbod. Målet for tenesta er å bidra til at born og vaksne mest mulig sjølvstendig skal kunne meistre kvardagen og delta i samfunnet elles.

For å nå målet samarbeidar vi med barnehage, skule, helsestasjon, ppt, barnevern, fastlegar, psykiske helse, omsorgsdistrikta og spesialisthelsetjenesta. 

Fysio- og ergoterapitenesta held til i Giske omsorgssenter.

                                                         

Kva er fysioterapi

Fysioterapeutar sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle  og funksjon. Fysioterapeuten har brei kunnskap om bevegelsessystemet si oppbygging og funksjon hos frisk og sjuk og om korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar bidreg til helse og sjukdom. Hensikta med fysioterapi er å optimalisere livskvalitet og bevegelsespotensial innanfor helseframande, førebyggande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande virksomheit. Fysioterapeutar brukar kroppslege innfallsvinklar og ulike metodar og tilnærmingar for å stimulere til læring og endringsprosessar som kan bidra til best mogleg funksjon. Vi arbeidar utifrå kunnskapsbasert og erfaringsmessig praksis for å gi best mogleg kvalitet til pasientane.

 

Kven kan få tilbodet

Vi deler fysioterapien inn i ein kommunal- og ein privat del. Giske kommune har ei fordeling ved at born og unge, dei over 75+ samt dei med sammensatte fysiske utfordringer fortrinnsvis får tilbod hos kommunale fysioterapeuter.  Personar i alderen 18-75 får fortrinnsvis et tilbod hos privat praktiserende.


Målgruppa er personer med nedsett funksjonsevne, sjukdom eller skade. Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar fastset behovet. Du kan få fysioterapiteneste uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. Du kan få tilbod om fysioterapi i heimen viss du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkja fysioterapeut.

 

Her er kontaktinformasjonen til våre fysioterapeutar:

Gitte Myklebust

mail: gitte.myklebust@giske.kommune.no

Tlf: 95990838 

 

Christian Gjerde 

mail: christian.gjerde@giske.kommune.no

Tlf: 91610051

 

Asbjørn Røsvik
mail: asbjorn.stale.rosvik@giske.kommune.no

Tlf: 91820804

 

Ellen Vartdal Håvoll

mail: ellen.vartdal.havoll@giske.kommune.no

Tlf: 41702349

Kontaktinformasjon

Gitte Myklebust
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 95 99 08 38
Asbjørn Ståle Røsvik
E-post
Mobil 91 82 08 04
Christian Gjerde
E-post
Mobil 91 61 00 51
Ellen Vartdal Håvoll
Fysioterapeut
E-post
Telefon 41 70 23 49