Startlån

Startlån frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt vanskar i lang tid med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Startlån er ei låneordning for deg som har langvarige problem med å få finansiert ein eigna bustad gjennom vanleg bank. Det er kommunen som behandlar søknaden og vurderer om du oppfyller vilkåra for startlån.

Formålet med startlån er å bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han, jf. forskrift om lån frå Husbanken § 5-1.

 

Kven kan få startlån? 

Startlån kan vere aktuelt dersom du ikkje får lån, eller ikkje får tilstrekkeleg lån, i ein vanleg bank. Du må samtidig ha økonomi til å betale lånet over tid og ha nok pengar igjen til nødvendige utgifter til livsopphald.

Kommunen gjer ei individuell vurdering av kvar søknad. Det blir mellom anna lagt vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad, og om du har nytta moglegheita til å spare ut frå inntektene og dei nødvendige utgiftene dine.

I enkelte tilfelle kan startlån også vere aktuelt sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylte. Dette kan mellom anna gjelde husstandar med barn eller personar med særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, der det er behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.

 

Kva kan du få startlån til ?

Startlån kan mellom anna nyttast til kjøp av bustad, utbetring eller tilpassing av bustad, oppføring av ny bustad og i enkelte tilfelle refinansiering av dyre lån dersom dette kan bidra til at husstanden kan bli buande i bustaden.

Bustaden skal vere eigna for husstanden, og vere nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået på staden. Startlånet kan nyttast til fullfinansiering eller saman med finansiering frå andre.

 

Når du skal legge inn ein søknad

Når du skal søkje startlån, er det viktig at du gir så fullstendige og korrekte opplysningar som mogleg om økonomien og busituasjonen din. Kommunen må ha tilstrekkelege opplysningar til å kunne vurdere både behovet ditt for startlån og om du har økonomi til å betale lånet over tid.

Du bør også kunne dokumentere at du ikkje får tilstrekkeleg finansiering i vanleg bank. Legg ved dokumentasjonen som blir etterspurd i søknadsløysinga. Manglande dokumentasjon kan føre til at behandlinga av søknaden tek lengre tid.

 

 

Søk om startlån

Du søkjer elektronisk gjennom Husbanken si søknadsløysing. Søknaden blir deretter behandla av kommunen.

Søk startlån her

 

 

Har du spørsmål om startlån eller treng hjelp med søknaden, kan du kontakte kommunen på e-post: therese.marie.espenakk.mork@giske.kommune.no