Sommarjobb for ungdom

Giske kommune lyser no ut sommarjobb for ungdom i Giske for 2026.

Søknadsfrist er 25. mai 2026.

 

 

Giske kommune ved Giske frivilligsentral søkjer ungdomar i alderen 15 til 19 år busette i Giske kommune til sommarjobb i sommarferien.

Blant arbeidsoppgåvene som lysast ut er:

  • serviceoppgåver
  • praktisk arbeid
  • aktivitørar til ulike sommaraktivitetar
  • Andre oppgåver kan også vere aktuelle

 

 

 

 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

I søknaden kan du skrive litt om kva motivasjon du har for jobben, og om der er særkilte oppgåver du er god på. Hugs å spesifisere kva periodar du ønsker å jobbe.

 

Løn etter avtale.

 

Spørsmål om stillingane og søknad sendast til: ernst.jarle.valderhaug@giske.kommune.no. Søknadsfrist er 25. mai 2026.