Året er godt i gong og du kan allereie no byrje nominering av årets frivillig i Giske kommune 2025
Er det nokon som gjer ein særskilt frivillig innsats for innbyggjarane våre i 2025? Då bør du nominere vedkomande til Frivillegprisen 2025. Frist for å nominere er 10. november.

Frivillegprisen vart oppretta og delt ut først gong i 2023.
Under formål og kriterie står det:
Prisen skal synleggjere frivillegheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode dømer på resultat av frivilleg innsats.
Frivillegheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisen sine vinnarar.
Prisen kan gjevast på grunnlag av ein person/gruppe sin frivillege innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Den første frivillegprisen i 2023 gjekk til Runa Godø Sæther for sitt arbeid med barn og unge.
I 2024 vart Mental Helse Giske tildelt prisen.
Legg inn din nominasjon her. Du kan nominere så mange du vil.
Sist endra 26.05.2025 09.42