To smitta, testar alle tilsette

Ein person har avgitt positiv koronatest, og ein annan har testa positivt på hurtigtest.

Klikk for stort bilete 

Det er så langt ikkje kjent tilknyting til smitteutbrotet på Toldboden i Ålesund, men smittesporing pågår framleis. Smittekjelde er hittil ukjent.

Det er så langt ikkje avdekka smitte til lokalbefolkninga i Giske kommune.

Kommuneoverlegane i Giske og Ålesund har hatt møte laurdag ettermiddag og dei tilrår massetesting av alle i bedriften der begge er tilsett. Dette vil bedriften sjølv stå for. Alle er sett i ventekarantene til testsvar er klare.