Status Giske kommune torsdag 19.03 kl 11.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 Her er oppsummering av tema 

Er du sjuk – ring lege

Legeteneste i Giske er ikkje heilt som normalt, men den er heller ikkje slik at ein skal la vere å ringe dersom ein er sjuk. No er alle fastlegene i arbeid og klare til telefonkonsultasjonar. Det er viktig at kva enkelt ikkje sit med plager og spørsmål ein gjerne skulle hatt svar på.

Fastlegen kan og sende vidare til lege som tek fysiske konsultasjoner eller og videresender til sjukehus.

I tillegg til telefonkonsultasjon via har ein og eit godt tilbod gjennom e-konsultasjon via helsenorge.no. Dette kan vere eit svært godt alternativ i mange høve.

God respons

Vi takker alle frivillige som har meldt seg til teneste gjennom Frivilligsentralen. I øyeblikket har vi god dekning til dei oppgåvene vi har.

Der vi framleis treng innsats er innen helse og omsorg. Her ber vi dei som er klar til å ta eit tak melde seg på i denne e-postadressa: ekstrapersonell@giske.kommune.no

Og om du ikkje høyrer noko raskt er det ikkje fordi vi ikkje treng deg. Arbeidspresset på dei som koordinerer dette arbeidet er stort.