Status  Giske kommune tirsdag 17. mars kl. 12.30

Slik er situasjonen med omsyn til tiltak i Giske kommune mandag 16. mars kl. 16.00. Situasjonen endrer seg heile tida. Vi forsøker gjennom nettsida å halde alle oppdatert på det viktigaste.

 

Treng frivillige

Etter kvart som dagane går ser vi at det dukkar opp oppgåver som må løysast. Kapasiteten til dei tilsette i Giske kommune er svært knapp samtidig som vi veit at det er mange frivillige som vil bidra. Og det treng vi meir og meir etter som dagane går.

For at vi skal kunne nytte oss av deg som frivillig ber vi om at ein sender ein mail til Frivilligsentralen i Giske: mail erva@giske.kommune.no

Ta med namn, adresse, mail, telefon og gjerne kva yrke/utdanning du har. Vi treng folk til både store og små oppgåver.

 

Konfirmasjon utsett

Konfirmasjonen til våren er utsett over heile landet. Dette gjeld og konfirmasjonen frå kyrkjene i Giske. I dag kan ein ikkje fastsette nokon dato for når det blir konfirmasjon, men truleg vil det ikkje kunne gjennomførast før til hausten.

 

Mange vert permiterte

Etter kvart som dagane går kjem det stadig inn nye meldinger om permiteringer. Denne oversikta er det NAV som har. Det er og NAV som har oversikt over kva ordninger og utbetalinger kvar enkelt får. Vi rår folk til å bruke nettsidene til nav.no for å halde seg orientert.

Er ein usikker på eigen økonomiske situasjon framover er det og veldig lurt å kontakte eigen bank for ein samtale.

 

Pass på barna

Alle har det vanskeleg i desse dager. Då er det ekstra viktig at vi tek vare på kvarandre og ikkje minst barna. Mange lurer veldig på kor farleg dette koronaviruset er. Det er uro for kva som skjer med foreldre, besteforeldre og vener.

Det er viktig at foreldre no tek seg tid til å snakke med barna. Aktiviser dei. Skulane har sendt ut oppgåver til alle. Hjelp barnet til å komme i gang med arbeidet. Det er viktig at barn har oppgåver. Skulen og lærarane er å treffe på mail og telefon.

Det er og viktig at barn kjem seg ut i aktivitet. Bruk tid på å gjere det saman med barna. På skulane sine nettsider er det og linka til ulike opplysningssider og program som er tilrettlagt for barn.

Eit spørsmål mange barn lurer på er kor lenge denne situasjonen varer. Her kan vi dessverre ikkje gi noko godt svar. Vi må berre gjere det beste vi kan medan situasjonen varer.

Ein ting veit vi i alle fall. Å bli sint hjelp ikkje.

Og om nokon skulle tvile. Butikkar og kjøpesenter er ikkje plassar der barn og ungdom skal opphalde seg.

 

 

Skule/barnehage

Alle skulane og barnehagane er som kjent stengde og vil verte det også framover. Skulane er i gang med undervisning på digitale plattformer. Dette er utfordrande og nytt for alle. Vis tolmod både med lærarar, datasystem og barna.

Ver sikker på ein ting. Alle prøver etter beste evne og vel så det på å få dette til å verte best mogleg for alle.

Barn med særskilde omsorgsbehov vil bli spesielt tekne vare på gjennom direkte kontakt med kvar skule/barnehage.

 

Legekontoret

Legekontoret  i Giske er stengt for besøk. Dette vil og verte situasjonen dei næraste dagane. Sentralbordet vil imidlertid vere bemanna. Det blir som vanleg telefonmottak på telefon 70188500 på dagtid og telefon 116117 frå 16.00-09.00

Det blir vanleg ekspedisjon av kontakt via Helsenorge.  Alle fastlegene tilgjengelege for e-konsultasjoner og telefonkonsultasjoner.

Når det gjeld fysisk legekontakt har vi lege tilgjengeleg. Kontakt med denne legen skjer gjennom Giske legekontor. Her blir all legekontakt vurdert og prioritert. I dagens situasjon er det heilt nødvendig at direktekontakt med lege blir strengt vurdert. Dette handlar om at legane må brukast på dei mest samfunnskritiske oppgåvene.

Pasienter som har legetime dagane framover vert kontakta direkte av sin fastlege for avtale.

Giske kommune har no på plass tilsynslege for sjukeheimen og omsorgsentera.

 

Reisereglar

Måndag morgon la Regjeringa ned forbod mot å opphalde seg på fritidseigendom i annan kommune enn der ein bur. Dette for at ikkje helsetenestene i andre kommuner enn heimekommuna skal bli belasta ved eventuelle sjukedom/skader.

Dette forbodet vil bli praktisert strengt og vi vil på det sterkaste oppmode alle om å vise den solidariteten vi alle er avhengige av. Det skal sterke grunnar til å gje dispensasjon frå dette.

Måndag kveld bestemte Giske kommune saman med Ålesund og Sula svært strenge reglar for korleis tilreisande frå regionar sør for oss skal handsamast. Her viser vi til eiga sak på nettsida.

  

Hjelp til å handle

Har nokon problem med å få handle matvarer så er ei løysing til dette no på plass. Frivilligsentralen har avtalt med Joker Vikane Vigra, Joker Godøy, Eurospar Valderøy og Bunnpris Valderøy at det er mogleg å bestille varer på telefon og at varene vert levert på døra.

Vi understreker at all betaling og bestilling går direkte mellom kunde og butikk.

Giske kommune treng og hjelp til å få transportert mat frå felleskjøkkenet ut til dei som treng. Vi ber om at dei som kan tenkje seg å hjelpe melder seg til Frivilligsentralen på mail erva@giske.kommune.no

 

Hygiene i butikken

Butikkane er risiko-områder med tanke på smitteoverføring. Det er nå av største viktigheit at man iverksetter gode smitteverntiltak.

Vi vil minne alle, både kunder og tilsette, på rutinene for god hygiene. Ein må ha spesiell fokus på reinhald og hyppig desinfeksjon av gelendere, håndtak, betalingsautomater, toaletter/kraner og andre stader der folk er borti med hender. Dette bør gjerast minst 3 gonger dagleg.

Det er og veldig viktig at alt søl på golv vert rydda opp straks med eingongsklutar. Desse skal kastast i søppel straks.  Koronavirus er følsom for desinfeksjonsmidler som Virkon, Perasafe og alkohol (overflatedesinfeksjon). Husholdningsklor kan også nyttast  i konsentrasjon minimum 0,1% konsentrasjon i reinhald.

 

Karantene

Mange sit i karantene i heimane. Dette er eit tiltak som er nødvendig og som SKAL gjennomførast av ALLE som er i ein slik situasjon. Dette er innskjerpa og vi ber om at alle orienterer seg om kva reglar som gjeld.

Bruk nettsidene til fhi.no

Gå gjerne turar ute men ikkje i grupper på over tre. Hald avstand.

 

Forkjølelse

Er det forkjølt? Helsedirektoratet har no slått fast at dersom ein er forkjølt skal ein halde seg borte frå arbeid. Tilrådinga er at ein skal halde seg borte den dagen ein er sjuk og ein dag til. Så er det tilbake til jobb.

  

Helse

Vi er glade for at alle synes på respektere besøksforbodet på omsorgssentera og bukollektiva. Dersom det skulle vere heilt spesielle behov så må ein ta kontakt med senteret for direkte avtale. Vi ber om at dette berre vert gjort i alvorlege tilfelle.

Dette besøksforbodet gjeld fortsatt. Men har dine pårørande telefon; bruk den flittig.

Det er og grunn til å minne om at ein må vise varsemd med besøk i heimane, spesielt til dei som høyrer til risikogrupper (eldre og sjuke). Det er viktig å ta vare på kvarandre, men no er det kanskje rettare å bruke telefon og digitale medium der dette er mogleg. Eit slikt tiltak kan vere å hjelpe dei som ikkje sjølve kan reise ut å handle.

Spørsmål og opplysning om korona, ring 815 55015 eller Helsenorge.no

Jordmortenesten vil halde fram som vanleg, men dei andre funksjonane på helsestasjonen er stengt inntil vidare. Gravide bør ta kontakt med helsestasjonen før timeavtale.

 

Kommunaldrift

Rådhuset er stengt for besøkande, men dei tilsette er på jobb slik at dei som må ha personleg kontakt kan gjere avtale om dette direkte.

Det same gjeld NAV Giske.

 

Situasjonen endrar seg stadig. Vi oppmoder alle om å halde seg orientert på nettsida fhi.no

Bruk og nettsidene til Giske kommune.no, avisene og nrk.no