Statsrådsbesøk på Alnes og Godøyskulen

Statsråden for Landbruks- og Matdepartementet, Olaug V. Bollestad med følgje, besøkte i dag Alnes Fyr og Opplevelsesenter saman med fylkesmannen for Møre og Romsdal. Dei inviterte fekk ei bokstavleg talt matnyttig oppleving der fylkesmannen inviterte til frokost med kortreist mat og gode presentasjonar om nytta av tverrfagleg samarbeid mellom kultur, reiseliv, landbruk og offentlege etatar.

Alnes er peika ut som Utvalt kulturlandskap i landbruket (UKL), eit nasjonalt satsingsprosjekt for å oppretthalde og utvikle kulturlandskapet som blant anna er viktig for identitetskaping og busetting. Det var difor særs nyttig at statsråden fann å kunne legge vegen om Alnes og Giske på veg til Den norske matfestivalen i Ålesund som opna i dag.

Ordførar Harry Valderhaug starta dagen med å be gjestene sjå utover det opne kystlandskapet og havbrynet frå Alnes, og kunne ikke dy seg for å seie at ein nesten kan bli religiøs av mindre... Landbruksministeren kvitterte seinare ut med å seie at landbruket er den viktigaste næringa vi har med sterke føringar på vår identitet, eigenkjensle og grunnlag for liv og busetnad, og at vi dermed er på heilag grunn.

Kristine Blindheim og Sofie Margrethe Høybakk frå to gardar på Vigra er flotte representantar for ungdom i landbruket, og fortalte kvifor dei satsar på landbruket som framtidig levebrød. Reiselivssjef Tom Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre viste eksempel på kreativt samarbeid med landbruket og kokkenæringa frå den store, nasjonale reiselivskonferansen Norwegian Travel Workshop i Ålesund i vår. Prosjektleiar Anders Adolfsson i prosjekt Smaken av Sunnmøre glødar for samarbeid om å utvikle kortreist mat og matkultur. Vår eigen kunstnar Ørnulf Opdahl fortalte kva kulturlandskap og kystnatur har for oppfatning av lys og mørke, og korleis dette formar ein som person; med å male mørkt får ein og fram lyset.

Elevane på Godøyskulen fekk uventa besøk av statsråden på forbivegen, og de fekk oppleve ei svært interessert Bollestad då dei viste fram plantekassene der dei har dyrka fram ulike vekster, og eit eige bihotell som er sett opp.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete