Stadig fleire innbyggarar i Giske

Børge Sandnes Tal frå helsestasjonen viser at folketalet i Giske kommune aukar stadig: Det var 8.432 innbyggarar ved utgangen av juni 2019, ei auke frå 8.373 på same tid 2018, og vi er spente på kven som vert innbyggar nr. 8.500 i år, etter at kommunen fekk 104 nyfødde bebuarar i 2019.  

Det er framleis god tilvekst på nyfødde: 101 born vart fødd i Giske i 2019, og det kom dessutan 3 nyfødde frå andre kommunar.

På Valderøya viser tala at det kom 57 nyfødde medan Vigra fekk 25, Giske 7 og Godøya 12 nye borgarar. 29 av dei nyfødde borna har utanlandske mødre, og 38 born har 1. gangsfødande mødre. 64 born i gruppa 0-15 år flytta til Giske i 2019 – 19 av desse er utanlandske. 58 born flytta frå Giske same år.