Smitte på skip

Giske kommune har fått melding om at eit skip som høyrer heime i kommunen har koronasmitte om bord.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Skipet er ute på fiske. Dei smitta har ingen eller milde symptom og har derfor ikkje sett behov for å avbryte turen  så langt. Dei er i dialog med sjømannslege. Det er ni personar som har testa positivt på hurtigtest om bord. Dei har ikkje moglegheit for stadfesting med PCR-analyse. Smitten har sannsynlegvis opphav frå utbrotet knytt til Toldboden. Det er no bekrefta at det er britisk mutant som har spreidd seg frå Toldboden.