Slutt på kolonnekøyring i Giske

Klikk for stort bileteVegvesenet varslar at det no er slutt på kolonnekøyringa i dei tre tunnelane mellom Giske - Ålesund etter overrekkinga av prosjektet frå hovudentreprenør AF Gruppen til Statens Vegvesen torsdag 20.06.19. Tunnelane er no oppgraderte etter tunnelsikkerheitsforskrifta, og er no meir trafikksikre enn tidlegare.

Arbeidet starta i november 2017, og Vegvesenet seier at arbeidet i Godøytunnelen har gått etter planen. Det meste stod ferdig til påske, og i april og mai var tunnelen stengt med kolonnekøyring i to korte periodar for å rette feil og gjere mindre justeringar. I Ellingsøy- og Valderøytunnelen gjekk det lenger tid enn planlagt, og dette har diverre gått ut over trafikantane: Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland vil difor rette ein stor takk til alle for det tålmodet som dei har vist, spesielt dei siste månadene.

SMS-varsling vert no avslutta. For oppdatert trafikkinformasjon, sjekk www.175.no.

Strekningsmåling med automatisk fartskontroll i Ellingsøy- og Valderøytunnelen er ikkje starta opp: Dette vil bli varsla på førehand.

Les meir: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelermidt/nyhetsarkiv/utbedringsarbeidet-i-godoytunnelen-og-alesundstunnelene-er-ferdig

Sjå og også oppdaterte prosjektsider, og les mer om hva som er gjort i Ålesundstunnelene, og i Godøytunnelen.

Foto: Statens Vegvesen. Alle tunnelbilete er frå Godøytunnelen.

På overleveringa ser ein Ingar Walbø (t.v.), byggleder i Statens vegvesen og Lars Tore Røen, anleggsleder i AF Anlegg.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete