Slik førebygger du omgangssjuke som kjem av norovirus

Norovirus er svært smittsamt. Dei viktigaste førebyggande tiltaka er grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene heime, i skule og i barnehage. Vinteren er høgsesong for omgangssjuke på grunn av norovirusinfeksjonar.

Symptom og smitte ved norovirus

Sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter 1–3 dagar hos elles friske personar.

Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk. Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine.

Ein smitta person er mest smittsam medan han/ho har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff.

Når kan ein vende tilbake til jobb, skule eller barnehage?

  • Vanlegvis kan ein vende tilbake til jobb og skule når ein kjenner seg frisk. Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.
  • Personar som handterer mat (for eksempel i storkjøkken eller kantine), bør ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.
  • Barn i barnehage bør på same måte halde seg heime ved symptom og ikkje sendast til barnehagen igjen før det har gått 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.

Råd for å førebygge smitte med norovirus

Dei viktigaste førebyggande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meiner ein grundig handvask med såpe og rennande vatn.

Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus.

Det er viktig at ein legg til rette for handvask på stader der mange er samla, til dømes på skular, i barnehagar og offentlege stader. Bruk eingongs tørkepapir til hender og ikkje handkle.

For reingjering av overflater som er tilsølte med oppkast eller avføring, bør ein tørke av overflatene med det same, gjerne med hushaldspapir. Deretter gjer ein rein flata på vanleg måte med reingjeringsmiddel og vatn. Av vanlege rengjeringsmiddel i heimen kan klorin brukast. Følg brukskonsentrasjonen som står på flaska (1 dl klorin i 5 liter vatn). Ta omsyn til om overflata toler klor. Alle berøringspunkt (toalett, dørhandtak, vask) kan tørkast over med tilsvarande blanding.

Sjå heile artikkelen på https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/smitte-fra-mat-vann-dyr/flere-artikler/slik-forebyggjer-du-omgangssjuke-me/