Oppheva bålforbod

Det har vore mykje regn dei siste dagane, og difor har Ålesund Brannvesen KF oppheva forbodet om open eld frå torsdag 2. mai i kommunane Giske, Haram og Ålesund.

Tørke fører til auka fare for brann i skog og anna utmark. difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda og ved naturområde som ikkje er innmark.

Sjå også meir informasjon frå brannvesenet her.