Nytt smittetilfelle i Giske

Klikk for stort bilete Mandag fekk helseleiinga i Giske rapport om nok eit tilfelle av korona-smitte i kommunen. Dette er ein heimebuande som mottek tenester frå heimetenestene i Giske.

Kommunehelsetenesta har sett i gang kartlegging av moglege smittevegar og har sett i verk isolasjon for dei som har hatt nærkontakt med den smitta. 

Den smitta er i dag lagt inn ved Ålesund sjukehus.

- Vi gjer alt alt vi kan for å hindre at andre vert smitta. Det er aldri kjekt å få slike meldingar, men det er viktig at vi alle rettar oss etter dei råd som helsestyresmaktene gir. Det er berre gjennom ein felles innsats vi kan avgrense smittespreiinga mest mogleg, seier Giske-ordførar Harry Valderhaug.